«Sjå på meg no»

Tekst: Sissel Lunde Sundby    Musikk: Steinar Engelbrektson

Du bur åleine ja slik har det blitt
du går rundt i huset og steller med ditt
ein nabo kjem innom du har kaffien klar
so glad for dei rundt deg glad for alt som du har

Ei rose til mor og takk skal du ha
for alt det du gjer for oss
og trøysta du gav
Ei rose til mor den har du fortjent
so no vil eg gje til deg ei rose frå meg

Dagane kjeme og dagane går
haust går mot vinter du lengtar mot vår
og fleire vi verte ja slekta er stor
du gler deg for kvar ein gong - ja ei stolt oldemor

Ei rose til mor og takk skal du ha
for alt det du gjer for oss
og trøysta du gav
Ei rose til mor den har du fortjent
so no vil eg gje til deg ei rose frå meg
ei rose frå meg
ei rose frå meg