«Elske deg i kveld»

Tekst: Sissel Lunde Sundby    Musikk: Steinar Engelbrektson

Vi prøvde alt vi kunne for å få det til å gå
men onde krefter drog deg i frå meg
Du klarte aldri kampen for å kome deg i frå
Du svikta meg ville gå din eigen veg

I kveld når lyset svinner og når månen står i sør
vil eg kjenne deg inntil meg vere deg nær meg slik som før
Berre vere her i saman sjølv når dagen er på hell
Eg vil hate deg i morgen men elske deg i kveld

Du bad meg om å ringe men du veit eg ikkje vil
for livet har gått vidare for meg
Den tida vi var saman vi fekk det ikkje til
Men i tankane so er du her hjå meg

For i kveld når lyset svinner og når månen står i sør
skal eg halde deg inntil meg vere nær deg slik som før
Berre vere her i saman sjølv når dagen er på hell
Eg vil hate deg i morgen men elske deg i kveld

Den tida vi var saman kjærleiken brann
vi kjempa ut ein kamp som ingen vann

So i kveld når lyset svinner og når månen står i sør
vil eg kjenne deg inntil meg vere deg nær meg slik som før
Berre vere her i saman sjølv når dagen er på hell
Eg vil hate deg i morgen men elske deg i kveld
Eg vil hate deg i morgen men elske deg i kveld