«Far»

Tekst: Sissel Lunde Sundby    Musikk: Sissel Lunde Sundby

I far sine auge den finaste du er
I far sine auge so kry du meg gjer
I far sine auge ei stjerne so klar
So stolte eg er for å væra din far

Då du kom til verda eit under det var
Alt blei forandra eg var no blitt far
Uverkelig kjendsle men kjende meg klar
Å gå gjennom livet med spørsmål og svar

Den kjærleik eg kjenner er mektig og stor
Den vil aldri falme eit band ja ei snor
Skal vise deg vegen det trygt er å gå
Men vala er dine min tillit du får

Og dagen den kjem når du fær frå meg
Heile livet framfor deg ein spanande veg
Husk alltid at kjærleiken min er stor
For du er det kjæraste eg har på jord
Ja du er det kjæraste eg har på jord