«Draumane mine»

Tekst: Oddleif Osland    Musikk: Steinar Engelbrektson

Det vart ikkje noko ta draumane mine til dei var det aldri tid
eg sat der i stolen og venta mens dei andre hasta forbi
kvar gong eg skulle starte på noko som var berre mitt
då kom det alltid noko i vegen eg makta ikkje halde tritt

Med det e`kje det at eg angra på tida som har gått
og heller ikkje klandra eg andre for livet gjekk trått
men eg kan ikkje fatte at ingen ser min kant
at alle andre tenkjer på sitt ja det ser eg no er sant

På denne måten gjekk åra eg såg vel litt svart på alt
eg dreiv å skulda på andre eg såg ikkje kva som gjekk galt
men so var det ein som sa at eg må prøve å kome på gli
so no set eg her å venta at eg skal få litt betre tid

Med det e`kje det at eg angra på tida som har gått
og heller ikkje klandra eg andre for livet gjekk trått
men eg kan ikkje fatte at ingen ser min kant
at alle andre tenkjer på sitt ja det ser eg no er sant

Sjølv om eg sete her einsam eg veit det blir min tur
no skal eg vere tolmodig og ikkje vere sur
for i draumen kan eg sjå meg sjølv i øverste etasje
med tjenar og med sekretær og med Tesla i garasjen

So det e`kje det at eg angra på tida som har gått
og heller ikkje klandra eg andre for livet gjekk trått
men eg kan ikkje fatte at ingen ser min kant
at alle andre tenkjer på sitt ja det ser eg no er sant