«Bussen heim»

Tekst: Bjørn Engelbrektsson    Musikk: Steinar Engelbrektson

Eg våkna i går tidlig av sinte hyl og slag
Eg hadde akkurat lagt meg ned på etter ein lang arbeidsdag
Ho sa: no er det over no er tida mi forbi
Ja no reiser eg til mora mi der har eg tenkt å bli

Ho tok bussen heim til mor og no set eg her åleine
ho sa at eg dreiv med hor pakka baggen sin og for
ho tok bussen heim til mor og det e`kje fyrste gongen
ho small døra då ho for ho tok bussen heim til mor

Kva skal ein stakkar gjere skal eg ringe til ein ven
eller berre sitte rolig håpe at ho kjem igjen
ja da må ho be seg oppatt seie unnskyld for i går
neste gong ho går av skaftet so er det eg som går

Ho tok bussen heim til mor og no set eg her åleine
ho sa at eg dreiv med hor pakka baggen sin og for
ho tok bussen heim til mor og det e`kje fyrste gongen
ho slo døra då no for ho tok bussen heim til mor

Ho tok bussen heim til mor og no set eg her åleine
ho sa at eg dreiv med hor pakka baggen sin og for
ho tok bussen heim til mor og det e`kje fyrste gongen
ho small døra då no for ho tok bussen heim
bussen heim bussen heim til mor