«Reise i frå»

Tekst: Thomas Hellekås    Musikk: Thomas Hellekås

Eg trur eg reiser herifrå.
Eg må få vind i håret og beina te’ å gå.

Færr om det e’ slik som eg trur
kvitrar ikkje lerka når katta ligg på lur.

Sjøl om elt e’ stelt i stand
treng vingun mine vinden og beina mine land.

Så om du ser meg her i kveld
kan det vera siste gongen, færr nå sie’ eg farvel.

Eg ser ei tåre på ditt kinn.
Ulik den så veit du at eg aller heilt færrsvinn.

Tørk di tåre og hør:
Vegen vi’ nok møtas ein plass der begge trør,
slik den gjorde ein gong før.

Eg såg ein gong ei humle i ein blome på ein haug.
Han hadde elt’n trengte, men han letta så og flaug.

Så sjøl om elt e slik det ska’
vi’ ein over gjerdet og sjå om der e like bra.

Så om du ser meg her i kveld
kan det vera siste gongen, færr nå sie’ eg farvel.

Tørk di tåre og hør:
Vegen vi’ nok møtas ein plass der begge trør,
slik den gjorde ein gong før.