«Mann av glas»

Tekst: Thomas Hellekås    Musikk: Thomas Hellekås

Eg prøva helde taket, men det glapp.

Eg mista nokko sjøl’ om eg aldri slapp.

Med hav på elle kantar sitt eg att

og ular ut mot vinden som besatt.



Det byna blese keldt.

Og det e’ dårlig stelt

færr ein som stend igjen og har mista elt.



Stend i sola, men eg fryse’.

Harde fjell blei om te’ sand.

Og da eg ’kje lenger skimta lyset;

da kom du og heldt i mi hand

og synte meg vegen att te’ land.



Eg kikkar på et bilde ifrå ei tid 

eg smiler bredt, e’ blid og bekymringsfri.

Men korta e’ elt delt ut ifrå ein stokk

som e’ få på knekt og kongar, veit eg nok.



Og joker’n med sitt smil 

sår min tvil 

når han stikke’ meg i hjertet med ei pil.



Og jævelen kan friste;

gje stein te’ ein mann a’ glas.

Han e’ sikker; du vi’ briste,

men du passar på at eg ikkje gjeng i knas.

Passar på ein stakkars mann a’ glas.