«Eivind Mo»

Tekst: Thomas Hellekås/Svein Eivind Mo Haugan    Musikk: Thomas Hellekås/Svein Eivind Mo Haugan

Bakken te’ hytta va’ brattare nå
og sekken på ryggen hang tyngre på 
enn før.
Rekk’n fram te’ hytta før han dør?

Med gnagsår og plaster sleit’n seg fram.
Krumma i ryggen og pusten så stram 
og treg.
Han måtte ta ein gvil og setta seg.

Og i lyngen der han satt 
så såg’n på ein stein. 
Og minnun’ strømma att 
om ein liten gut som grein 
så fælt.
Han skulle risse inn med kniven han hadde stælt.

Og kniven slapp’n der han stod 
med et skjefte fullt av blod
og ei rissing i ein stein som ingen forstod 
unntatt Eivind Mo.

På hånda va’ arret frå kniven så gvass, 
han visste at’n låg bortved steinen ein plass.
Og nå
skulle han bli ferdig med det han byna på.

Han resste seg så seint og kjente at’n fekk
kreftur te’ å bæra på gamle ryggesekk, 
så tung,
han sprang rondt i skogen med som ung.

Å kniven fant’n att der som han hadde stått.
Han tok’n i si hånd og hugsa så godt 
i frå
det han ville at på steinen skulle stå.

Han skreiv det ferdig så folk forstod 
med et skjefte fullt av blod,
og nå va’ det lett å lesa det som stod: 
Her va’ Eivind Mo.