«Høvdingen»

Tekst: Thomas Hellekås    Musikk: Thomas Hellekås

Tåka frå fjella kom sigande på
og samla seg rondt meg så eg ikkje fekk sjå.
Ho heldt meg færr augun, men hjartet mitt ser
ein skugge i tåka som smiler og ler. 

Og skuggen i tåka; det va som'n sa:
”Ikkje ver lei deg. Elt gjenge bra.”
Eg prøva å prate, men orda forsvant.
Eg prøva å gå, men eg kom ikkje langt.

Færr orda blei sløve og nådde ikkje fram.
Og tonan’ blei døve og mista sin klang.
Og elva ho stilna brått i si bukt.
Den einaste rørsla va’ ei kråke på flukt.

Eg såg deg i draume’; ved vegen du låg
og kikka på noko eg ikkje såg.
Du va’ nok elt framme og satt ved ditt bord.
Ein engel heldt deg i hånda da du resste frå jord.
Du hjølpte dei fleste sjøl’ om kroppen va’ støl.
Du tenkte på andre meir hell deg sjøl’.

Så vegen te’ haugen va’ lengre i dag.
Og klokkun’ dei kima med mørkare slag.
Du levde som våren med livande sprell.
Høvdingen på haugen fær gvile i kveld.

Så følka i Himmelen kan glede seg nå
der du kjem i bootsa og pilotbrillun på.
Du blir nok et midtpunkt med harpa som lét.
Eg minnest deg bestandig med latter og gret.
Eg minnest deg for bestandig med latter og gret.