Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«Ludagskvelden» : «Kom til meg» : Jon Solberg & Anne Gravir Klykken : Grammofon

«Ludagskvelden»

Tekst: Trad.    Musikk: Trad. Jon Solberg

Det var om ludagskvelden eg ville ut og fri
Men så hefta eg nå heime til klokka den blei ni
for det var så vondt eit føre, det var så keld ein vind
og da eg kom til jenta mi så slapp eg ikkje inn

Så stod eg der og banka med min raude målarstokk:
«Å vil du vera jenta mi, så lukkar du vel opp!»
«Å, nei, dei sei’ det borti gardenn’ at du er ein fyllekopp
og femogtjuge dalar det har du drekki opp»

«Ja, vil du ikkje ha meg, ja, så kan du ta deg bak
Eg ha fridd til bære jentur og har aller blive vrak
Men femhundre dalar har eg heime i mitt skrin
og dom skal du nå ha om du vil vera jenta mi»

«Å, har du pengar au, å ja, du seier nå vel sant?
Så fær det ikkje hjølpe om du drekke litt iblant
Så nå kan du reise heim att og sei til mor og far
at den som ikkje drekk han er nå slettes ingen kar!»

Så smette eg frå låsen og så slepte eg han inn
Så tappa eg i kruset og drakk han til
Og ho gjorde opp på varmen, ho var neiggu ikkje sein
Og ho dansa rundt på golvet der på sine småe bein

Men far og mor og presten dei har forbode han
Han må ‘kje av til jentunn om ludagskvelden, han
Men når eg har stulla hesten, da ruslar eg min veg
og så sullar eg med jentunn med dom andre ligg og sev