«Hiv og hoi»
Tekst: Jon Solberg Musikk: Jon Solberg
Eg skriv til deg, kjære Mariog håpar at brevet kjem fram
frå ein Gudsforlatt sjømannsbar i
tåka i Rotterdam
Du har vel sikkert glømt meg
hell’ kasta kånn to på dør
Men elle kjenslene mine
er dessverre dom samma som før
Her gjeng det i rigging og lasting og lossing
og båssen er hard så det held
Eg kjem fort borti krangling og slossing
eg er sleivkjefta, hugsar du vel?
I Lisboa møtte eg ein drankar
han spanderte short time og vin
Men eg vakna med tatovert anker
og «Mari» på armen min
Hiv og hoi - Hiv og hoi - Hiv og hoi
Kan eg sjå deg når eg kjem heim?
Eg hørte du fekk ei datter
eg tippar ho smiler som deg
Eg hørte gubben din er forfatter
og eg håpar han eg snillare enn meg
For eg møter så mange jenter
så mange som liknar på deg
Og eg gjeng her og leiter og ventar
mens gamle sår opnar seg
Hiv og hoi - Hiv og hoi - Hiv og hoi
Kan eg sjå deg når eg kjem heim?
Eg er ingen kaptein Ahab
Eg jaktar vel mest på meg sjølv
Ein lettmatros på Tarifa
som druknar ein frikveld i øl
Sku’ ha fridd til deg der i krysset
7 år sea er det vel nå
Da eg stal det siste kysset
og du gret da eg mønstra på
Hiv og hoi - Hiv og hoi - Hiv og hoi
Kan eg sjå deg når eg kjem heim




