«Eg faldar mine hender små»

Tekst: Torbjørn Egner, Nynorsk: Halldis Moren Vesaas    Musikk: Henrik Tofte

Eg faldar mine hender små
i takk og bøn til deg.
La alle barn i verda få
det like godt som eg.
Vern alle med di sterke hand
mot fattigdom og død,
og hjelp små barn i alle land
og gje dei dagleg brød.
La ikkje krig og sult og sott
få riva lykka ned.
La alle leve trygt og godt
i fridom og i fred.