«Utkledd som sau»

Tekst: Thomas Hellekås    Musikk: Thomas Hellekås

Eg kjente ein kar som va’ tøff og hard.
Han va’ odelsgutt frå ein gamal gard.
Han dreiv og jakta elg og va’ nøgd med det.


Han ville ha seg kvinnfølk, så’n skifta terreng.

Kjøfte spell ny Hilux og dobbeltseng.
Han la børsa på hylla - iallfall færr nå.

Han hadde hatt litt los ei lang, lang stond
etter yngste dottera på nabon’s gronn.
Ei veldreidd budeie som passa bra færr han.

Med ildfaste former og milevis med bein,
et forførande blikk som forvandla ein te’ stein;
ho va’ blyg som et lam - når sola sto på.

Men når sola sto på hell 
kom ulven fram onder sauefell.
I lårkort skjørt ho hadde laga sjøl’
gjekk ho frå bytte te’ å jage sjøl’.

Odelsgutten gjorde seg fin, 
plukka ein bukett i frå hagan sin,
så satte’n seg i bilen med et lite håp

Han kjørde opp i tonet, men stoppa brått
for bortved plenen der låg ein livlaus skrott.
Det va’ jenta på garden - ho va dau’ som ei sild.

I lårkort skjørt ho hadde laga sjøl’
låg ho i graset der færr seg sjøl’.
Ulven i sin sauefell
hadde blitt et bytte alikavel.

Han kom heimatt te’ gards der’n heldt te’;
kikka opp på hylla, tok børsa si ned, 
så gjekk’n inn i skogen med et dystert blikk.

Den siste tanken han tenkte på
va’ på nabojenta han elska så.
Han hadde tatt hennars liv og nå tok’n sitt.

Færr når sola sto på hell
luska han på ulven i sin sauefell.
To falske ulvar som ligge’ dau’
- og dei ligge’ utkledd, utkledd som sau.