«Flyg mot ein vind»

Tekst: Thomas Hellekås    Musikk: Thomas Hellekås

Tidleg ein morgo’ eg vakna, gut
Eg såg i spigjelen at eg såg ikkje ut
Eg ventar på at sola renn
te’ hi sida a’ gryningen
Jentur dei kjem og gjeng
i mitt hjerteforma badebasseng
Kjenner på den tyngste bør
Det har aller stoppa meg før

Og eg flyge’ mot ein vind
Det e’ like før eg kastar meg inn
Men takk færr at du spør
Det har vore ein vinterdag før
Denna sjela e’ langt i frå skjør

Følk dei sie te’ meg: Jau,
om eg fortset slik eg vaknar dau’
«Det som rir deg e’ ikkje i trav
Det e’ full galopp te’ di mørke grav»
Men eg har kompisar når det gjeld
Dei støar meg te’ seint på kveld
Flaska døyver med sitt grep
og gøymer det eg har på slep

Og eg flyge’ mot ein vind
Og det e’ like før eg kastar meg inn
Så finn ei flaske te’
Eg e’kje akkurat vanskeleg å be
Hell i et glas og slå deg ned

Å! Du jordiske hylster; takk færr meg
Eg som va’ uoverstigeleg
Segg te’ jentun: Ikkje skrik
At eg e’ dau’ e’ over mitt lik

Men eg flyge’ mot ein vind
Og det e’ like før eg kastar meg inn
Tek gitaren og gjeng
Nå syng eg mitt siste refreng
Ditt gode selskap e’ elt eg treng
Ditt gode selskap e’ elt eg treng