«Milde måne»

Tekst: Thomas Hellekås    Musikk: Thomas Hellekås

Låg lun i et langt, grønt gras og glei inn i ein draum

som sneik imot og overtok som ein sein sommarflaum.

Ein barkebåt kom seglande i ømfintleg spikka form

og flaut ifrå med flaumen på veg imot ein storm.



Skimta skjær og ein ukjent kyst, så ei lampe blei tent

og sto der som et fyrtårn, så det ukjente blei kjent

Og leia låg ikkje langt frå land og båten heldt ei stond 

sin trassige kurs mot lyset som dømt te’ å gå på gronn



Milde måne der du heng;

full a’ kunnskapen eg treng

Likavæl vi’ eg finne ut om sola synk i sør

Sjøl om det e’ fonni ut frå før 



Tok tak i ei sommarnått da draumen slapp meg laus

Med søvnig syn eg såg ut på ein himmel tom og taus

Men himmelen va’ levande da augun tok seg tid

te’ å fange opp detaljan’ som fauk meg fysst forbi 



Milde måne der du heng;

full a’ kunnskapen eg treng

Likavæl vi’ eg finne ut om sola synk i sør

Sjøl om det e’ fonni ut frå før



Tok fatt på vegen heim og traska trøtte trinn

Og gjorde opp ei meinig i mitt stille sinn 

At katta datt a’ dage a’ rein nysgjerrighet;

det hørde ikkje heime i min egen verkleghet



Milde måne der du heng;

full a’ kunnskapen eg treng

Likavæl vi’ eg finne ut om sola synk i sør

Sjøl om det e’ fonni ut frå før