«Kjære Inger»

Tekst: Jon Solberg    Musikk: Jon Solberg

Ho var søtten, på veg ut i verda
Som yngste dotter Nes
Frå tronge kår gjekk nå ferda
mot byen, mens vårvinden bles
Ein bibel, litt klede og niste
i sekken som mor sendte med
Augo te jenta var triste
men ingen la merke te det

Som innjente hos kjøpman Bråten
der lønna var kost og losji
kasta ho kvile på båten
bare sondagenn ́hadde ho fri
Det var tunge tider i Norge
kriger fer hardt med ein by
ho sat på ein benk nedpå torget
ein månad før Normandie

Klokkunn’ ringer
for elle dag Kjære Inger
eg vil alltid elske deg
eg vil alltid elske deg

På veg heim langs vegakanten
i grøfta låg ennå litt sno
Der møttast dom – ho og sersjanten
Ho søtten, han snart tjugeto
Dom var prins og prinsesse
Dom strålte – så fagre å sjå
Kjærast med fientleg adresse
men følkesnakk hørt’ dom ’kje på

Klokkunn’ ringer
for elle i dag, kjære Inger
eg vil alltid elske deg
eg vil alltid elske deg

Sanninga kom seint på dagen
Tankenn’ fór i ein storm
Og far te den vesle i magen
var han i grøn uniform
Glede og angst – ho fekk ’kje sova
Sku’ ho tørre? Ja, ho mått’ reise dit
Og ho hugsa kvart ord han hadde lova:
„Ich liebe dich, nehme dich mit.“

Han kyssa ho kjærleg på kinnet
og såg på si gråtande viv
Og det kysset brann seg i minnet
te jenta, og reiv som ein kniv
Han blei ikkje glad som ho trudde,
Han sa ikkje: ”Bli med meg, skatt?”
Han såg ned i grusen og snudde

og ho såg meg aller meir att

Klokkunn’ ringer
for elle i dag, kjære Inger
eg vil alltid elske deg
eg vil alltid elske deg