«Ikkje slutt å bry deg»

Tekst: Jon Solberg    Musikk: Jon Solberg

Spør meg åssen eg har det
Spør meg åssen det gjeng
Eg svarar “Jau, det gjeng bra det”
Men eg lyg så det renn
av meg og elle såra
som du ikkje kan sjå
som du ikkje kan forstå
Men ver så snill ikkje slutt å bry deg

Kom innom når eg ikkje ber deg
når eg ikkje e i slag
Eg sit i stugo der du ikkje ser meg
og ventar på ein betre dag
Eg kjem ́kje te å opne
du får ikkje sjå meg nå
med den svarte kufta på
Men ver så snill ikkje slutt å bry deg

Ikkje gje meg opp
Ikkje gje meg opp
Finn meg, for eg treng deg
Ikkje gje meg opp

Syng meg gode visur
hvisk meg gode ord
så eg ikkje forliser
med for tung last ombord
fulle følk blir kasta ut
tomme følk blir kasta inn
dit meininga med elt forsvinn
Så ver så snill ikkje slutt å bry deg