«Fred på jord»

Tekst: Olivia Blyberg/Sofia Karlsson/Nynorsk Anne Karin Kaasa    Musikk: Sofia Karlsson

Frå himmelens stjerner kom tona ned
Fred på jord fred på jord
Tusener klokker song om fred
Fred på jord fred på jord

Til oss kom Forsonaren han ville oss vel
For lyset var borte det var mørkt i mi sjel
Tung var min gange trøytt som ein trell
Fred på jord fred på jord

Må den trøytte finne ei hamn
Ro hos Gud ro hos gud
Sove som barnet i mor sitt fang
Lov skje Gud lov skje Gud

Kom jul tenn di lykt og lys for meg
Så eg kan finne din himmelveg
Styr då min fot så eg finn kvila hos deg
Fred på jord fred på jord