«Eg veit i himmelriket ei borg»

Tekst: Bernt Andreas Støylen (1858-1937) etter en gammel tysk folkesang    Musikk: Folketone fra Hallingdal

Eg veit i himmelrik ei borg,
ho skin som soli klåre
der er 'kje synder eller sorg,
der er 'kje gråt og tåre.

Der inne bur Guds eigen son
i herlegdom og æra,
han er mi trøyst og trygge von,
hjå honom eg skal vera.

Men visst eg veit, ein morgon renn
då dødens natt skal enda.
Min lekam opp or gravi stend
og evig fryd får kjenna.


Me takker deg til evig tid,
Gud Fader, alle saman,
for du er oss så mild og blid
i Jesu Kristus! Amen!