«Ei stjerne lyste (Elias)»

Tekst: Ruth Vigdal    Musikk: Erling Vigdal

Ein himmelsk herskare av englar så stor
forkynner om fred på vår jord
På Betlehemsmarka dei jubla i kor
Ein Frelsar er fødd på vår jord
Og ljoset stråla og englane song
eit ære være for han
Og hyrdane gjekk til Betlehem inn
der Maria og barnet dei finn

Ei stjerne lyste og viste veg
tre vise menn glad drog av sted
Med gåver av røykelse, myrra og gull
dei knelte for frelsaren ned
Han som var guds son
i ein stall blei født
Det var ikkje rom for han
men himmelens herlegdom kom der ned
og fylte alle med fred

Ei gåve frå Gud blei sendt til oss ned
med frelse, fridom og fred
Så alle som vil no kan ta imot
den frelsa som han til oss gjev