«Den fyrste song eg høyra fekk»

Tekst: Per Sivle    Musikk: Lars Søraas

DEN FYRSTE SONG EG HØYRA FEKK

Den fyrste song eg høyra fekk
var mor sin song ved vogga.
Dei mjuke ord til hjarta gjekk,
dei kunne gråten stogga.

Dei sulla meg så underleg,
så stilt og mjukt te sova.
Dei synte meg ein fager veg
opp frå vår vesle stova.

Den vegen ser eg ennå tidt
når eg fær auga kvila.
Der stend ein engel, smiler bildt
som berre ei kan smila.

Og når eg sliten trøytnar av
i strid mot alt som veilar.
Eg høyrer stilt frå mor si grav
den song som allting heilar.