Mye betre Von

Mange veigje
«Mange veigje»

Plateanmeldelser · Dølen · Eg var ikkje udelt begeistra
for debutplata til heidalsbandet
Von. På oppfølgjaren
”Mange veigje” derimot,
stemmer det aller,
aller meste.

For å ta det fyrste fyrst: Til og med platecoveret er der det skal vera. På debuten sto VON breibeint og Statoil-styla på framsidebildet. Denne gongen set dei stemninga frå fyrste stund, med eit bilde som inviterer inn i det musikalske universet på ein god måte. Tittelen ”Mange veigje” blir effektivt illustrert med både bil, båt, tog, sykkel og ein fotgjengar. Og alle vegar førar til Heidal, postnummer 2676, diskret plassert på registreringsskiltet. Uansett eit cover som ber bod om at dette er eit heilstøypt produkt. Utan daudpunkt Også mye av musikken sist gong var eit frieri til spelelista på P1. Det er borte nå. Her handlar det berre om gode låtar, snekra saman på svært godt vis. Geir Sletten er ikkje berre ein framifrå vokalist, han er og ein svært dyktig låtskrivar. Der debuten tidvis kjentes som å kjøre gjennom Østerdalen ein sein haustkveld, kan låtane på ”Mange veigje” samanliknast med ein skikkeleg heisatur. Produksjonen er lyfta fleire hakk, og bandet framstår som overraskande originale både når det gjeld oppbygging og arrangement. Dei fyrste to tredjedelane av plata er rett og slett svært bra, utan daudpunkt, og med friske pust rundt kvar sving. Det er driv, musikalitet og speleglede. Det er rocka og det er tøft, og bandets originalitet gjer at dei går klar av dei mest opplagte samanlikningane: VON passar best i sin eigen bås. Så får ein heller leve med at dei siste par-tre låtane følast meir som ei transportetappe mot slutten, det trekker uansett ikkje ned heilskapsinntrykket.Mange hakk bæ’re Tekstane til Ole Johnny Bekkemellem er det høg kvalitet på. Ikkje berre fordi dei er skrivne på kav heidøl, og derfor kjennast friske og ”nye”, men fordi dei anten har eit bodskap eller rett og slett berre er gode historier. Geir Sletten har ei stemme som ein ikkje finn på så mange andre postadresser her i landet, og også den kvaliteten kjem til sin rett på ”Mange veigje”. Bandet durar stødig fram og krydrar akkurat passeleg med eit trommebrekk der, ein gitarsolo der, eller slepper til ein leiken dobro. Bandet skriv i introduksjonsteksten at dei helst vil at det skal vera ”hakket bæ’re heill sist”. Akkurat det kan ein trygt seie at VON har klart. ”Mange veigje” er ikkje berre eitt, men mange hakk bæ’re heill sist!

Les mer om «Mange veigje» fra Von