«Kan du høyre meg ?»

Tekst: Emmylou Harris/Monika Nordli    Musikk: Emmylou Harris

NO KJÆM TANKANE IGJEN
DEI RASAR GJENNOM MARG OG BEIN
EI FARLEG ELV SOM BERRE RENN
MÆ YNSKJE OM Å KOMME HEIM
KUNNE TATT EIN LITEN DRAM
KUNNE MALA MEG EIT FJES
EG BALANSERAR PÅ EI RAND
MI INDRE STEMME Æ SÅ HES

KAN DU HØYRE MEG, KAN DU HØYRE MEG?
KAN DU HØYRE MEG, KAN DU HØYRE MEG?

SÅ MANGE TING EG KUNNE SEI
MANGE KAMPAR HEV EG HATT
PASSA IKKJE ALLTID INN BLANDT DEI
MI HISTORIE BLEI NOK LITT FOR SVART
KVER EIN DAG Æ GANSKE LIK
EIT LITE HÅP OG SÅ IGJEN
RULLAR FILMEN SKAM OG SVIK
JA DÅ SER EG BERRE DEN

KAN DU HØYRE MEG, KAN DU HØYRE MEG?
KAN DU HØYRE MEG, KAN DU HØYRE MEG?

KVIFOR BLEI DETTA LIVET SÅ VANVITTIG
FØR SÅ REI EG, ALLE STORMAR AV
EG VA NOK DUM OG UFORSIKTIG
SØKTE SPENNING OG RASKE VELBEHAG

OG NO SYNK EG SOM EIN STEIN
OG DENNA GONGEN TRENG EG HJELP
EG TRENG`KJE MANGE BERRE EIN
EIN SOM IKKJE MISTAR TRUA HELL
EG SENDER UT MITT S.O.S
EI STILLE BØNN ER ALT EG HAR
EIT SISTE HALMSTRÅ SMS
MÆ EIT LITE HÅP AT EG FÆR SVAR

KAN DU HØYRE MEG, KAN DU HØYRE MEG?
KAN DU HØYRE MEG, KAN DU HØYRE MEG?