Notice: Undefined variable: pagetitle in /home/grammofo/public_html/lureting/common-page-inserts.php on line 12

Notice: Trying to get property of non-object in /home/grammofo/public_html/lureting/op.php on line 29
Vemod, anger og mykje vellyd : Plateanmeldelser : Grammofon

Vemod, anger og mykje vellyd5

Blå song
«Blå song»

Plateanmeldelser · Sogn Avis · ODD-ERIK LOTHE HAR døypt sitt første soloalbum Blå song. Du brukar neppe lang tid på forstå kvifor. Her er mykje
melankoli, ein del anger og bakrus og litt sårt vemod. Alt presentert på ein så delikat måte at heile denne plata er eit
einaste langt løft. For sjela meir enn kroppen, kanskje – men likevel.

STEMMA KJENNER DU frå Fabel og den er framleis karakteristisk og heilt framifrå.
Men mest av alt leverer den sympatiske og blide nordfjordingen 11 flottelåtar, med tekstar på høgt nivå. Det handlar om vanskeleg kjærleik, litt ungdommeleg pågangsmot, og om ein del anger. Og om kor utfordrande det kan vera i eit parforhold. Men det er også ein hyllest? til Logen bar – denne smått legendariske treffstaden for kunstnarar av alle slag i by’n.

DETTE ER EI plate å ta med seg og kosa seg med utover i våte og mørke haustkveldar – også for par som kanskje slit litt. For her kan det vera opptil fleire små tankevekkjarar – for nokon kvar.

ODD-ERIK LOTHE HAR også henta inn velkjende stemmer til fleire duettar på plata. Framifrå, dette også – det gjev eit ekstra løft.
OLAV STEDJE PÅ «Underveis», Lene Vederhus på radiohiten «Vere to», og ikkje minst Sigrid Moldestad på «Nordfjordnatt». Her har Nordfjord fått ein ny nasjonalsong – rett og slett. Dette er ein
beint fram vakker hyllest til denne regionen og det er poesi på høgt nivå.
Som dette: «Det e natt over bygda ved fjorden i det svartstille segla en båt han stryke forbi Kjølsdalsneset og forsvinne der månen blir våt.»
ER DET SÅ ingenting å utsetja på dette meisterverket? Vel – eg har ei – pitte lita – innvending: Kvifor «Underveis» og ikkje «Undervegs» i duetten med Olav Stedje?
ELLES ER DETTE stas – berre stas. Vemod, anger og mykje vellyd. MELDAR Jan Inge Fardal

Les mer om «Blå song» fra Lothe