Innhaldsrik og lun plate

Bakpå-lente ting
«Bakpå-lente ting»

Plateanmeldelser · Dagen · Denne plata viser oss ein uvanleg begavet aktør som både er dyktig musikar, låtskrivar og teksforfattar.

Det er noko heimekoseleg og lunt over den nye plata til Torolf Nordbø. Den rabiate gjøglaren "Han Innante" frå Finnøy i Ryfylke har meire på hjarta enn morsomme filosoferingar og slåande gullkorn sett frå ein heimaføding frå Indre Erfjord. Nordbø er ein allsidig mann og har meir innabords enn skodespel og komikk. Denne plata viser oss ein uvanleg begavet aktør som både er dyktig musikar, låtskrivar og teksforfattar. Sjangeren er stort sett roleg viserock som folk flest kan lytta til utan å måtte styrta til platespelaren for å dempa lyden. Her er nemeleg tekstar som ein svært gjerne vil ha med seg, for poenga står i kø i Nordbø sine til tider litt melankolske stemningar. Eit lite eksempel; "Når alt får like gyldighet Blir det likegyldig alt." Eit par av songane avslører den tidlegare misjonsarbeidaren sitt evangeliske engasjement. Uten å virke påtrengjande får  han fram kristne verdiar og sanningar. Ordvalget er så enkelt og samtidig så nytt at folk gjerne lyttar til det denne mannen har på hjarta, også når han syng evangeliet, til dømes i songen "Til all fredlaus lengsel". Nokre av dei største hitane på plata er kutta "Eg lengtar heim i kveld", "Fjordafart" og "Her ligg aslakbåten". "Eg lengtar heim i kveld" er ein vakker duett med Rita Eriksen som har gått rett inn på dei største hitlistene i haust. Somme vil kalla dette nasjonalromantikk. Det får så vera - vakkert er det uansett, og faktisk direkte godt å lytta til. At "Han Innante" også ville stikka hovudet fram, rekna vi med. To av kutta står nok den kjende komikaren for. "Ei klinkerbygde snekka" og "Snarare tvert imot" er ein fornøyelse å lytta til. Bodskapen er å ta det litt med ro og ikkje følgja det umenneskelege stresset i tida, og heller ikkje tru på dei nye alternative metodar som ein vert tilbudt i dag for all slags lidingar som folk kjenner på. Saman med eit flott knippe dyktige musikarar har Torolf Nordbø levert eit innholdsrik plate som får fram smilet og det gode humøret hos eit publikum som gjerne lyttar til visdomsorda til songaren frå Finnøy.  

 John Solsvik

Les mer om «Bakpå-lente ting» fra Torolf Nordbø