Den finaste plata...6

Kjærleik & hat
«Kjærleik & hat»

Plateanmeldelser · Sogn Avis · Odd-Erik Lothe, du kjenner han frå Fabel - har gitt ut si finaste plate så langt. Det seier ikkje så reint lite. Ganske enkelt til ei plate du må ha.

Du kan ikkje ha unngått å høyre "Den finaste songen" om du bur i Sogn og Fjordane, eller har Nrk-appen din innstilt på Sogn og Fjordane. Det blir vanskeleg vakrare. Resten av landet kjem forresten raskt etter. Det er lett å forstå, dette er nemleg ikkje berre den finaste songen, men den finaste plata er har høyrt så langt i 2016. "Den finaste songen" høyrde er forresten første gongen under Julelutt i Sogn kulturhus i desember 2014, og byrja å gle meg til denne plata, tvert. Litt bakgrunn først, under navnet Lothe har Odd Erik tidligare kome med "Blå song" (2012) og eg meiner å hugsa at eg kåra "Nordfjordnatt" til ny nasjonalsong for Nordfjord. Utroleg fin song, det også. Det var likevel tida med Fabel og mellom andre Roger Ivin, som gjorde Odd-Erik Lothe til nasjonal allemannseige, eg nemnar berre "Jordbær og grasbrann". Men no "Kjærleik og hat", altso og for ei allsidig, spennande og vakker plate. Og verkeleg - her er det tekstar som verkeleg handlar om kjærleiken, dentriste, den vakre og kjærleiken som (kanskje) aldri vart noko av. Trass tittel er det godkjensle på slentrande "Arret", så litt sakte og sugande på "Murhus" og ikkje minst vemod i "Til deg" - kjærleiksdiktet skrive av ukjende K til ei jente eller kvinne som kanskje aldri fekk vita eller oppleva at diktaren elska henne så høgt? Odd-Erik Lothe, derimot - har sett vakker melodi til det fine diktet. Han gjer også - tøft nok - ein Elvislåt på nynorsk- og "Fever" fungerer fint som "Feber". "Hold ut og svøm" gjer meg nesten litt forvirra - eg kan nemleg lett sjå føre meg ei karibisk strand, sjølv om teksten peikar i heilt andre retningar. Eminente musikarar, vakker samsong med spesielt Line Dybedal, gjer dette ganske enkelt til ei plate du må ha. Eg gidd eigentleg ikkje føreslå kva låtar du bør lasta ned - ta heile pakka! Variasjonen, formidlingsevna, og all den gode - og litt vonde - kjærleiken kan og bør ikkje delas opp. Så trekkjer det ikkje ned at ein flink sogndøl, Torbjørn Ellingsen har produsert plata - også det på ein heilt framifrå måte. Full pott, her altso - ferdig snakka!  Jan Inge Fardal 

Les mer om «Kjærleik & hat» fra Lothe