Notice: Undefined variable: pagetitle in /home/grammofo/public_html/lureting/common-page-inserts.php on line 12

Notice: Trying to get property of non-object in /home/grammofo/public_html/lureting/op.php on line 29
Den djupe røysta, Perlerad av songar. : Plateanmeldelser : Grammofon

Den djupe røysta, Perlerad av songar.

Du ser det ikkje på meg
«Du ser det ikkje på meg»

Plateanmeldelser · Vårt Land · Gunstein Draugedalen har fått ei drusteleg, djup røyst i gåve. Det kling solid og trygt, og gjer at tittelsongen på den nye plata hans blir ekstra sterk. "Du ser det ikkje på meg at eg er redd" , syng han. Nei, og vi høyrer det ikkje heller. Slik blir denne songen ei god påminning om at fasade er nettopp det - og at menneska ikring oss kan bere på mykje under overflata.

Varm og vakker røyst. Draugedalen har skrive både tekst og tone til denne songen, som han og fremfører med varm, vakker røyst. Med seg har han Trond Akerø-Kleven som akkompagnerer han på klaver. Han fylgjer solisten med lojalitet og kjennslevart spel. Det gjer han og på dei fleste andre songane, til dømes Jan Terje Christoffersens "Ved et alter" den vakre salmen som vart skriven til Kirkelig Ressurssenter for seksuelt misbrukte. Det er ei salme som tek eit oppgjer med vår lettbeinte og overflatiske ord i møte med menneske som livet har fare hardt med. Draugedalen har sjølv laga ein melodiøs tone til denne vare teksten.  Vidare fylgjer ei perlerad av songar - fleire av dei slike som alt har stått si prøve og blitt etablerte  klassikarar, som til dømes Trygve Napers " Kan du `kje frelse all verda", "Gje meg handa di, ven" den irske folketonen som Sondre Bratland har sett ny tekst til, Anders Vassbotn og Per Stenbergs "Å leva det er å elska" og Per Sivle og Lars Søraas sin vedunderlege "Den fyrste song eg høyra fekk". Også "Doggdropen" som mest er blitt som ein kjenningsmelodi for Draugedalen, er med. Varm og vakker røyst. "Døden må vike for gudsrikets krefter" er ein av Svein Ellingsen sine salmer som Draugedalen har satt tone til. Han blir framført her, til orgelakkompagnement av Tim Harry Blomberg. Tonen inviterer til å falde ut mykje patos - for sume kan dette nok bli i meste laget. Noko av det fine med denne plata er måten Draugedalen tøyler si store stemme på, og lar også stille, mjuke tonar bringe oss desse songane. Marianne Lystrup.  

Les mer om «Du ser det ikkje på meg» fra Gunstein Draugedalen