Alle gode ting er tre

Ein fot innafor
«Ein fot innafor»

Plateanmeldelser · Dølen · Heilstøpt, med "Ein for innafor" festar VON grepet som eit av norskspråkleg køntrirocks store namn - nå har dei langt meir enn ein fot innafor det gode selskap.

VON dreg til med stort trøkk frå fyrste trommeslag. Det er driv  og kraft i låtane. Kanskje skulle eg ønske meg meir variasjon som i "Deinn som du æ", "Rym, reis, struk" og "Breinne brue" men samtidig er VON best når partyfaktoren og tempoet er skrudd eit par hakk opp, fuzzgitaren dominerer og bassen pumpar. På sume av låtane saknar er imidlertid meir køntripreg - meir fele til dømes - på låta "Bygdadyruppdrett" legg bandet til rette for fele, men den kjem aldri. Men så er da også VON eit band som like gjerne lener seg mot rocken og låner triks frå popmusikken for å skape sitt univers. Koringane deira er eit godt døme på det sistnemnte. Geir Sletten er en sabla god vokalist, sjøl om stemma hans er best når får briljere med dei ljosare tonar enn når han syng i lågare leie.Tekstene er betre enn dei har vore før, fleire av strofene er slike som du humrar over, trygg på og nikkar anerkjennade til. Finurlege vendingar og ikkje minst det at heidalsdialekta denne gong kjem enda meir til sin rett, gjer også denne delen av musikkoplevingen til noko meir enn tidligare. Likeeins leverer bandet her ei pakke som følast enda meir ekte enn dei før har gjort - det er heilstøpt - frå omslagsfotoet, via små historier knytt til kvar song, til musikken. Og men "Ein for innafor" festar VON grepet som eit av norskspråkleg køntrirocks store namn - nå har dei langt meir enn ein fot innafor det gode selskap.

Les mer om «Ein fot innafor» fra Von