«Von»

Tekst: Knut Buen    Musikk: Rita Engedalen

1. Me kan leva med sløkte eldar,
så lenge det finst ein glod.
Me kan hutra i kalde kveldar,
når me veit om eun varm og god.
Me må grønt under fonma skode,
som ber på ei von om vår.
Me må vita om vilje-gode,
som evnar å stella sår.

2. Me kan gå ifrå dåd og drauma,
til ventande ly for lengt.
Me kan stiga or tvang og trauma,
har me vengjer av betre tenkt.
Me kan vika frå det me visste,
og vekse med det som gror.
Det må aller bli sagt det siste,
så lenge me manglar ord.