Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«To tankar» : «Spor av år» : Torolf Nordbø : Grammofon

«To tankar»

Tekst: Torolf Nordbø    Musikk: Torolf Nordbø

Kveldssolå tar avskjed, så sig ho sakte ned
Nå ligg ho der bak fjella og lyser opp sin fred
Opp av raude sjæret, som hildring stig du inn
Lengtande så sit eg her og veit at du er min
Livet kan ver kronglet og vegen kan ver bratt
Natta kan ver kolsvart og dagar kan bli natt
Livsmod går i bølger, mørke skyer driv
me har eit liv i samen, men også kvart vårt liv

REFR: To tankar fyljes, utanfor all tid
To varme ynskje, skjer igjennom strid
To hjerter sender signaler øve land
To håp går føre, der ingen av oss kan

Reisene er lange, det kan me begge sjå
Begge vil me skapa, og begge vil me så

Men heime der ved peisen, me pratar, et og drikk
Hjarte slår mot hjarte, og blikka møter blikk
Interiør og fargar, blir kaleidoskop
Augene er portar, så smeltar me i hop