Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«Noko som dreg» : «Noko som dreg» : Byting : Grammofon

«Noko som dreg»

Tekst: Thomas Hellekås    Musikk: Thomas Hellekås

For lang tid tilbake, i sommar ein gong,
da Olav var nede hjå Knut,
mimra dei om dei dagan som rann
onda den gjevaste nut.
Måsån låg som ei båneseng
og vogga vekk verking og sut.
Og fisken smaka
godt i kjaka
saman med Braastad og Knut.

Ell den tid som er bruka til fjells
og vatn har satt sine preg.
Gje meg snella,
makk og bjella.
Det er noko som dreg.

Det blenkte så godt i auga på Knut
da Olav sa «Hugsar du den
gadden som hoppa oppe i hølen
der bare storfisken stend?
Han hadde kjeft som ein hestesko
og spole så bredt som eit lår.»
Han sa: «Jaura,
eg minnes aura
som om det skulle vera i gjår.»

Me må nok reise tebake ein gong
og vandre i ungdommens steg.
Gje meg snella,
makk og bjella.
Det er noko som dreg.

Dagen randt onda og kvelden kom på
da Knut måla minnune fram.
Han viste med hendan at fisken va stor
og den blei større med hjølp av ein dram.
«Eg hugsar godt at me fekk ho på land
før ho forsvant i eit hælvettes drag.
Aller føre
har eg fått høre
makan til den dag i dag.»

Me må nok reise til tindrande fjell
sjøl om skrotten blir gamal og treg.
Gje meg snella,
makk og bjella.
Det er noko som dreg.