«Balladen om Cleng Person»
Tekst: Torolf Nordbø Musikk: Torolf Nordbø
Navnet var Cleng Person, han blei fødd i Tysvær, søttne mai,i året søtten hundre sytti tri
fødselsdagen peika fram mot Grunnloven og det å vera fri
Han for til Finnøy knappe tjue år, blei gift med ei på seksti,
sleit på gard i femten år med sau og kyr
Han lengta alltid bort frå kvardagsslit, mot fjerne land og nye eventyr.
Kongemakt og presteskap forfølgde Haugianarar
og Kvekarar og fattige og små
Cleng og Knut for til Amerika, sko kjøpa jord til dei om det var råd
Itte tri år rundt til fots dei kjøpte eigedom i Kendall,
der var fisk og vilt, og tømmer i frå skog.
Heim til Norge,-- i frå vennner i Amerika, dei sa farvell og drog
Cleng Cleng du har eit mål, Cleng Cleng og ein vilje av stål,
Universet er stovå di, Himmlen ditt tak,
Frihet og brorskap og rettferd di sak
Med ein Slupp «Restaurasjon» som navn,
i attentjuefem, den fjerde juli, drog dei femtito avstad
Cleng var reist i førevegen, men ombord var Lars, då va det trygt å dra
Så kom dei fram te Ny York og te Kendall,
det blei åtta år med fattigdom og sjukdom og med slid
Dei drog vidare mot Illinois i håp om nye hagar og ny tid.
Landet her var bere, det blei framgang
men som ofte fører framgangen --- også med seg strid.
Det blei ikkje heilt den himmelen på jordå som var målet for Clengs slid
Cleng Cleng du har eit mål, Cleng Cleng og ein vilje av stål,
Universet er stovå di, Himmlen ditt tak,
Frihet og brorskap og rettferd di sak
Cleng braut opp igjen aleine, det var draumane og håpet
som gav kraft, og idealå dreiv han fram.
Alltid hjelpsam, men blei utnytta og ofte blei det skuffelsar og skam
Men Venner i frå månge folk og rasar og kulturar,
i frå slavar og te rike, hadd`àn fått
Universet er va hans heim, hans Gud var med, i Texas fekk han det så godt
Cleng Cleng du har eit mål, Cleng Cleng og ein vilje av stål,
Universet er stovå di, Himmlen ditt tak,
Frihet og brorskap og rettferd di sak