Notice: Undefined variable: pagetitle in /home/grammofo/public_html/lureting/common-page-inserts.php on line 12

Notice: Trying to get property of non-object in /home/grammofo/public_html/lureting/op.php on line 29
Vakker plate frå Anne Karin. Plata er solid og Anne Karin si røyst imponerande. : Plateanmeldelser : Grammofon

Vakker plate frå Anne Karin. Plata er solid og Anne Karin si røyst imponerande.

Spor i landskap
«Spor i landskap»

Plateanmeldelser · Setesdølen · Anne Karin Kaasa fra Bygland viser med plate «Spor i landskap» ei røyst av dei sjeldne. Med seg har ho framifrå musikarar, som gjev irske songar omsett til norsk nytt liv og innhald i flott samspel med vokalen.

Ei norsk Enya, eller kan hende ei avslepen Celine Dion? Utan å konkludere om det eine eller det andre er det ikkje tvil om at Anne Karin Kaasa fra Bygland med si nye plate "Spor i landskap" også er i ferd med å sette spor i musikklandskapet. For dette er beint fram ei vakker plate, med melodiar og ei klokkeklar røyst som heng godt saman. Plata er produsert av Kai Løland og med seg musikalsk har Anne Karin Olav Torgeir Kopsland, Helge Norbakken, Ingolv Haaland, Martine Lund Hoel, Reidar Svare og Ole Foss. Saman presenterer dei eit knippe irske songar omsett til norsk, somme direkte omsett, andre meir fritt. Musikken er godt balansert mot røysta til Anne Karin, som berre blir betre med åra. Akkurat det er einaste ankepunktet, røysta hennar kunne godt kome endå meir fram. Ole Birger Lien

Les mer om «Spor i landskap» fra Anne Karin Kaasa