Notice: Undefined variable: pagetitle in /home/grammofo/public_html/lureting/common-page-inserts.php on line 12

Notice: Trying to get property of non-object in /home/grammofo/public_html/lureting/op.php on line 29
Tilbake med ny sterk plate : Avisartikler : Grammofon

Tilbake med ny sterk plate

Musikaren Monika Nordli har kome med eit sterkt andrealbum «Shipping out».
Musikaren Monika Nordli har kome med eit sterkt andrealbum «Shipping out».

Avisartikler · Vest-Telemark Blad · 6. oktober sleppte Monika Nordli frå Treungen sitt andre album. Dagen etter var stemma borte. Nå er polyppane på stemmebandet under kontroll, og Nordli er klar for scenen att for å formidle nok eit stemningsrikt album.

Oktober månad har ikkje gått heilt slik som musikar Monika Nordli frå Treungen skulle ynskje seg.
Tri år etter den fyrste plata «Minor mode» kom på marknaden var Monika endeleg klar til å sleppe oppfylgjaren «Shipping out».
– Platesleppet var 6. oktober. Det var ein måndag og eg hadde ein flott sleppkonsert på Herr Nilsen i Oslo. Morgonen etter var avtaleboka full, fyrst ut var intervju på radioprogrammet Nitimen. Men eg vakna utan stemme, det bare peip i meg, seier Monika, som denne helga tok turen heim til pappa og resten av familien Treungen for å lade stemme og batteri for vidare arbeid.

Mange råd
Intervjuet på radioen blei ikkje heilt slik som planlagt, og det var mange lyttarar som ringte inn med dei beste tips og råd om korleis den songglade jenta skulle få stemma attende.
– Eg fekk med meg ei lang liste med gode kjerringråd, men på Volvat fekk eg konstatert at det var ein polypp på stemmebandet. Truleg hadde han kome av mykje stress og slitasje. Og eg som aldri har hatt problem med stemma før, seier artisten frå Treungen.
Monika fekk både tale- og songforbod frå legen.
– Eg trudde ikkje eg var så skravlete, men eg merka det vart vanskeleg å halde seg i ro og ikkje snakke i den tida eg sat heime og glodde i taket, ler ho.
Då stemma forsvann måtte Monika også melde pass til fleire jobbar ho hadde gledd seg til.
– Eg skulle mellom anna heim til Treungen og synge på arrangementet som markera verdsdagen for psykisk helse, det same arrangementet som kronprinsparet var gjester på. Her hadde eg planar om å syngje songen «Dear Angels» på norsk, seier Monika, og nemner fleire spelejobbar som ho måtte kansellere i tida ho så gjerne skulle vore ute og reklamert for den nye plata.

Trong tid
Monika skriv alle tekstane sjølv og meiner at det var naudsynt med god tid både for å forme tekstane rett og ta seg god tid i studioet.
– Bodskapen i songane mine betyr mykje for meg, og eg brukar mykje tid til å hente inn tilbakemeldingar frå folk rundt meg. Men eg var veldig klar for at plata skulle kome på marknaden nå, seier ho.
Monika har også nytta tida til samarbeid med andre musikarar dei seinare åra.
– Den seinare tida har eg samarbeidd med Knut Hem, Hemisfair og med Steinar Albrigtsen, og har lært mykje av det. Eg fekk også god hjelp av Tom Pacheco til å finpusse på det biletlege i tri av tekstane på plata i samband med at eg var med og kora for han ei tid. Og så jobbar eg halv stilling som sosionom i rusomsorga i Oslo. Dagane er ulike og det gjev meg mykje. Det er alltid like stort å møte nye menneske. Og eg trur eg har nytte av dei ulike rollene, arbeidet gjer meg mykje, smiler ho.
Monika meiner sjølv at songen «Karl Johan» har blitt fødd ut frå dei møta ho har hatt med rusproblematikken.
– Ideen kom etter at eg jobba på Prosenteret, og det handlar om rusmisbrukarane, seier artisten.

Melankoli
Monika er og blir innanfor sjangeren med melankoli, og trur at det passar godt at plata hennar kjem på denne årstida. Ho meiner sjølv at den nye plata har meir sting i seg, og at det er meir tak i låtane som bind saman ei meir moden plate.
– Brodden frå den førre plata har eg tatt med vidare, men føler likevel at tekst og innhald er litt ulikt det eg presenterte sist. Eg har levd tri år til og utvikla meg. Ynsket mitt er at dei som høyrer på musikken min skal kjenne seg att. Eg spelar for dei som likar meg, og har ingen intensjonar om å bli nokon popartist med eit fullsett spektrum. Eg treng ikkje noko fjas og held på så lenge det er plass til meg, seier ho.
Spelejobbane framover begynner å kome på plass, alt torsdag reiser ho til Svalbard for å presentere noko av det nye frå plata og for å spele kyrkjekonsertar saman med Rita Engerdalen frå Kongsberg.
– Men eg har eit sterkt ynskje om å få spele meir ute i min eigen region. Eg veit at eg skal innom Notodden og eg jobbar med å få til spelejobbar i Seljord, Fyresdal og Bø. Bygde-Telemark er viktig for meg, me kjem frå same forma om det er Treungen eller Åmot, smiler Monika.

På veg til norsk
Mange undrar på om Monika vil kome med ei plate på norsk, og ho avslører at det er ikkje heilt utenkjeleg på sikt.
– «Dear Angel» har eg klar i ei norsk utgåve, og eg har starta å skrive seks-sju andre låtar på nynorsk, eller på «treungsk» vil eg vel påstå at det blir, smiler ho nøgd.
Ho er oppteken av at dette skal bli gjort skikkeleg.
– Skal eg gje ut ei plate med norske tekstar, skal det ikkje vere platt og rart. Ideane er mange for vidare arbeid med dette prosjektet og meir musikk på engelsk. Eg gler meg til lange vinterkveldar der eg kan jobbe vidare, seier ho, og innrømmer at ho begynner å bli litt Oslo-lei.
– På sikt ser eg føre meg at eg flyttar tilbake til Telemark. Om det blir Treungen er ikkje sikkert og når det blir har eg heller ikkje tatt nokon stilling til, seier musikaren.
I kveld er Monika gjest hos Christian Strand i programmet «I kveld» på NRK. Då blir det truleg høve til å høyre ein smakebit frå ei sterk plate med flotte melodiar og gjennomarbeidde og gode tekstar.


Kilde: Kilde Vest-Telemark Blad

Les mer om «Shipping out» fra Monika Nordli