Notice: Undefined variable: pagetitle in /home/grammofo/public_html/lureting/common-page-inserts.php on line 12

Notice: Trying to get property of non-object in /home/grammofo/public_html/lureting/op.php on line 29
På gjengrodde stier. : Pressemeldinger : Diktarplager : Grammofon

På gjengrodde stier.

Diktarplager møtte publikum fyrst gong med forestillinga «Diktarplager - ein kabarèt» som hadde premiere i 2007 og bygde på tekster av Ottadals-diktarane Aukrust, Jonsson, Hamsun, Bruheim, Ørjasæter, Storm og Skrede. Forestillinga gjorde stor suksess og vert framleis spela rundt omkring. Mykje av materialet vart og utgjeve på CDen «Evig er Ordet» på plateselskapet Grammofon. Aktørane har kvar for seg bakgrunn frå jazz, klassisk song, pop, rock, folkemusikk, folkrock og teater, og til saman utgjer dei De Plagede.

No er gruppa klar med ei heilt ny forestilling, og i høve Hamsun-jubileet i 2009 er det no hans tekster som har vorte utsett for De Plagede. Dette har vorte eit nytt møte mellom tekst og musikk, humor og alvor.

I denne musikalske forestillinga får vi møte den gamle Knut Hamsun der han sit på gamleheimen og skriv sitt siste mesterverk; den merkelege erindringsboka «På gjengrodde stier.» Her dukkar minner frå eit langt liv fram, samstundes som han skildrar dagleglivet på gamleheimen og førebuingane til rettsaka si. Vi får òg møte fleire av karakterane frå dei andre bøkene han skreiv, karakterar som har fått plass blant dei største i verdenslitteraturen.

Hamsun skreiv mykje dikt men brende opp det meste, så det vart med ei diktsamling; «Det vilde kor.» De Plagede har sett nye melodiar til fleire av desse dikta og lar musikken knyte saman forestillinga. Musikken vert tilgjengeleg på CD frå august.2009, også denne gongen gjennom Grammofon.

Knut Hamsun (Knud Pedersen) (1859 - 1952) levde dei fyrste åra sine i Lom før familien busette seg i Nordland. Var òg attende i Lom ei periode i konfirmasjonsalderen, og fleire stader i diktinga til Hamsun kan ein finne spor etter dei dølske røtene.

De Plagede er: Endre Skjåk - Tekst, regi, skodespelar, Hildegunn Hovde - song, fløyte. Lars Bakke - song, gitar. Reidar Svare - song, tangentar. Aslak Brimi - fele.