Notice: Undefined variable: pagetitle in /home/grammofo/public_html/lureting/common-page-inserts.php on line 12

Notice: Trying to get property of non-object in /home/grammofo/public_html/lureting/op.php on line 29
Kjærleik & hat nytt album fra Lothe : Pressemeldinger : Lothe : Grammofon

Kjærleik & hat nytt album fra Lothe

Lothe er et band som ledes av Nordfjordingen Odd-Erik Lothe. Sjangermessig befinner de seg i et utvidet viselandskap med tekster på dialekt.

Lothe har tidligere gitt ut albumet «Blå song» (2012) og de digitale singlene Stjerneklart (2010), Heimlig himmel (2014) og Arret (2015) – alle med solid rotasjon på NRK P1. Odd-Erik Lothe har tidligere fartstid fra bandet Fabel som gav ut 5 album i perioden 1996-2007. I skrivende stund er bandets nye singel «Den finaste songen» b-listet av Nrk P1. 
På sitt nye album «Kjærleik & hat», er det den evindelige kjærligheten som er tema. Som en skjønner av tittelen handler dette både om dens lyse og mørke sider. Ingen får oss til å bli så rause – eller så grusomme som kjærlighet. Musikalsk spenner det fra rolig visesang, via blues og lettbeint funk til en episk musikalsk drøftelse som teller hele 11 minutter. Referansene er mange, men såpass forskjellige låtskrivere  og artister som Bo Kaspers, Bob Dylan, Burt Bacharach, Joachim Thåström og Nick Lowe kan gi en pekepinn på hvordan dette låter.
Albumet er speilt inn live i studio i eit helanalogt miljø, tatt opp direkte på bånd.
Produsent er tidlegere bandmedlem Torbjørn Ellingsen.

Kjærleiken. Den fyrste. Den svikefulle. Den blomstrande. Den håplause. Den svartsjuke. Til og med den helvetes kjærleiken, som Terje Nilsen seier det. Dette albumet inneheld dei fleste variantane av fenomenet kjærleik.

Tittelen «Kjærleik & hat» kan kanskje sporast tilbake til plata «Songs of love and hate» av Leonard Cohen . Men den verkelege inspirasjonen fann eg hjå krimhelten Harry Hole. For å nøste opp i grufulle, hatefulle gjerningar blei Hole tipsa om å fjølge spora frå  kjærleiken – ikkje hatet. Ei gammal erkjenning kom tilbake til meg; kjærleik og hat er to sider av same sak. Kanskje nettopp difor finst det så mykje vondskap som har skjedd  i kjærleikens namn. Kjærleiken får fram det beste – og det verste i oss. «Kjærleiken e en demon» drøftar denne spenninga, og er på mange måtar hovudsongen i denne samlinga.

November 2014: Etter eit par forblåste, stupmørke og  flaumherja turnédagar på Vestlandet enda ferda heime på Nordfjordeid. Der trefte eg ei jente eg ikkje hadde sett på mange år. Ho kunne fortelle at ho hadde funne eit dikt eg berre måtte få lese. Eit vakkert kjærleiksdikt. Kanskje kunne eg sette melodi til? Det pussige var at ho hadde funne diktet på eit loft, i eit hus som skulle rivast. I siste liten hadde ho fått lov til å hente ut det ho ville, før maskinene jamna bygget med jorda. Diktet stod i ei ungdomslagsbok, sirlig ført inn med nydelig, gammal handskrift. Framsida av boka vart seinare til framsida på albumet du held i.  Og diktet gjorde inntrykk. Enkelt, vakkert, men også gåtefullt. For kven var det som skreiv desse orda for meir enn 80 år sidan?  Alt som står under diktet er bokstaven K, og datoen, 6. februar 1932. 

Vel heime att, gjekk eg i gang med melodien. Visa fekk tittelen «Til deg», som diktet også heiter.  Så starta søket etter opphavsmann eller -kvinne til teksten. Men opphavet er framleis ei gåte. Om nokon der ute veit kven det var som sette saman desse kjærleiksfulle orda for så mange år sidan, er det fint om du tar kontakt. Så får vi plassert æra der den høyrer heime. For vakre ord er det

Lothe er:

Odd-Erik Lothe: vokal, akustisk gitar og munnspill
Line Dybedal: vokal, piano og kor
Ine Tumyr: kor og perkusjon
Jan Erik Reknes: trompet og kor
Halvor Folgerø: bass og kor
Ståle Søndrål Wick: gitar
Tor Bjarne Bjelland: trommer