Odd-Erik Lothe «14 år»

Å vere 14 år er ofte den mest hudlause årgangen av eit menneskeliv. Då ein brukar all sin energi på å bli likt og passe inn, samstundes som ein enno ikkje heilt veit kven ein sjølv er. Reglane er utydelig og vanskelige å skjønne for dei fleste, men enkelte kongar og dronningar får regjere fritt og brutalt på toppen av hirarkiet. Alt dette har Odd-Erik Lothe på meisterlig vis kokt ned og foredla i sin nye singel; 14 år.

Odd-Erik Lothe befinn seg i høgste grad i nordisk visetradisjon der han i poetiske vendingar skildrar byrjinga av ungdomstida, som vanlig på Nordfjordmål. Omkransa av eit sobert musiserande kremlag musikantar med Håkon Aase sitt lengtande strykearrangement som ein perfekt himling over låta, er det liten tvil om at ”14 år” allereie har fått ein heilt spesiell plass i Odd-Erik Lothe sitt no 30 år lange virke som låtskrivar og artist.

Albumet ”14” kjem 12. september. Som tittelen hintar om er dette Odd-Erik Lothe sitt 14. album som låtskrivar i ulike samanhengar. Albumet er produsert av Bendik Brænne og inneheld 9 nyskrivne songar.

 

Sidan Odd-Erik Lothe og Fabel debuterte i 1995 med Jordbær og grasbrann har han i alt utgitt 14 album. Dei poetiske tekstane på nordfjordmål har saman med eit mangesidig viseutrykk skaffa han eit trufast publikum og ein lett gjenkjennelig identitet som artist. I dei seinere årene har han samarbeida med bl.a. Mighty Magnolias, Olav Stedje og Finn Tokvam i tillegg til å gje ut musikk under sitt eige namn. Heilt sidan starten har han blitt flittig lista av NRK P1 og hausta kritikerros for alle sine utgjevingar. Han er bl.a. nominert til spelemannspris, har vunne fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane samt Luttprisen for 2022.

Låtoversikt

  • SpornrTittelTekstMusikkTid
  • 114 årOdd-Erik LotheOdd-Erik Lothe04:32