Odd-Erik Lothe & Mighty Magnolias «Rust»

”Høyr, høyr på dette!” Eit hotellrom etter ei massemønstring av band. Odd-Erik Lothe og frontfigur i Mighty Magnolias, Emil Nordtveit,  deler musikktips og snakkar varmt om kvarandres konsertar. Ole Paus si Garman-plate dukkar opp. Det er her Ole Paus hyrer inn brorparten av Pussycats og lagar ein av dei beste norske platene gjennom tidene (no har han trulig gjort det igjen). Tanken om å la sine respektive utrykk smelta saman vert fødd.

Resultatet er albumet ”Rust” som sleppast for publikum 17. april. Innspelt i Maarudbrødrene sitt Snaxville Studio 4 hektiske dagar i mars 2019. Viseuttrykket og tekstane til Odd-Erik fekk raskt ny glød i Mighty Magnolias rastlause og levande rocketilnærming av den amerikanske sorten.  Musikalsk har dei funne felles grunn ein stad mellom Ulf Lundell, Jayhawkes, Tom Petty og Rolling Stones. For å knyte det heile saman valgte dei smått legendariske Bendik Brænne som produsent. Albumet er miksa av Yngve Sætre i samarbeid med Brænne. Summen av dette er eit fargerikt felles uttrykk som går hand i handske med tekstar om livsglede, midtlivskrise og døden. Livet med andre ord.

Sidan Odd-Erik Lothe og Fabel debuterte i 1995 med Jordbær og grasbrann har han i alt utgjeve 10 album. Dei poetiske tekstane på nordfjordmål har saman med eit mangesidig viseutrykk skaffa han eit trufast publikum og ein lett gjenkjennelig identitet som artist. I dei seinare årene er det bandet LOTHE som har vore hans faste ståstad. Odd-Erik Lothe sine låtar har vore flittig lista av NRK P1, og to ganger har dei kåra album han har vore med på til årets album.

Mighty Magnolias tok det norske americanmiljøet med storm då dei gav ut sitt første album «Somewhere north of nowhere» i 2016. To år seinere befesta dei sin posisjon med det kritikerroste «Unknown skyline», eit album som av fleire blei rangert i toppen av årslistene. Tette vokalharmonier frå frontfigur Emil Nordtvedt og medvokalist Ine Tumyr, gjer saman med Erik Rollands høgst originale gitarspel bandet til noko heilt spesielt. I tillegg utgjer Erik sine brødre William (bass) og Idar (trommer) resten av bandet

Låtoversikt

  • SpornrTittelTekstMusikkTid
  • 1RustOdd Erik LotheOdd Erik Lothe03:54
  • 2JunimorgonOdd-Erik LotheEmil Nordtveit03:04
  • 3Vi kika på MarsOdd-Erik LotheOdd-Erik Lothe03:42
  • 4Levande, levandeOdd-Erik LotheOdd-Erik Lothe04:26
  • 5Eg når aldri framOdd-Erik LotheOdd-Erik Lothe04:01
  • 6TeaterOdd-Erik LotheOdd-Erik Lothe03:01
  • 7LygOdd-Erik LotheOdd-Erik Lothe03:47
  • 8Magica frå TryllOdd-Erik LotheOdd-Erik Lothe04:11
  • 9ErlendOdd-Erik LotheOdd-Erik Lothe05:04
  • 10SalmeStåle Wick / Odd-Erik LotheStåle Wick / Odd-Erik Lothe03:38