Diktarplager «Evig er ordet»

Diktarplager har tatt for seg Tor Jonsson, Olav Aukrust og Knut Hamsun

De Plagede er: Lars Bakke, Andreas Wagner, Endre Skjåk, Reidar Svare, Hildegunn Hovde, Ole Johnny Bekkemellom, Aslak Brimi og Ole Foss

Kva er eigentleg det å dikte? Er det slik at ein diktar må svelte og vera plaga for å kunne skape? Kan det rett og slett vere kreativ vinning i tronge oppvekstkår, kjærleiksproblem, rus og slåssing? Kan diktarplagene ende opp som kunst? Dette prosjektet har teke for seg Olav Aukrust, Knut Hamsun og Tor Jonsson, tre ulike diktarar med røter frå Lom. 

Aktørane har kvar for seg bakgrunn frå jazz, klassisk song, pop, rock, folkemusikk og teater, og til saman utgjer vi ”De Plagede”. Tre av aktørane har bakgrunn frå gruppa LoMsk, blant anna låtskrivar Lars Bakke som har laga mange av melodiane også på denne plata. Mykje grunna dette er nok Diktarplagene prega av folkrocken, men prosjektet byggjer på ei kabarèt-forestilling og er på mange måter ein sjangerleik der vi har sjonglert med ulike uttrykk ut i frå stemninga i dei utvalde dikta. 

CDen vekslar mellom songar og tonsette resitasjonar og er ei reise i tekst og musikk som spenner vidt på alle måter. Vi kjem innom tema som tronge husmannskår, plagsame turistar, vakker men trugande natur og ville fylleslag. Og stadig vender vi attende til kjærleiken i alle sine former, frå den himmelstormande lukkelege til den djupt tragiske, trekantforhold og kjærleiksdrap.

Så; Må ein diktar vere plaga for å kunne skape stor kunst?  - Sikkert ikkje, men det hjelp nok.

Tekstene:

Olav Aukrust (1883 – 1929) levde heile livet på garden Nordgard Aukrust i Lom. Aukrust var språkleg kreativ og skreiv på sterkt dialektprega nynorsk. Han fann inspirasjon i naturen og bygdemiljøet til frodige folkelivsskildringer som Bil-beistet (om dei fyrste bil-turistane i Gudbrandsdalen) og Aksiòn på Tande (om ein noko forfylla auksjon). Han nytta og segn-materiale som i Sota, eit trekant-drama bygd på ei sann forteljing om eit drap i Skjåk. Aukrust skodar allikevel langt vidare og diktinga som heilheit er sterkt prega av universelle og religiøse tankar. Aukrust var plaga av sjukdom store delar av livet, noko som mellom anna hindra han i å forfølgje ei karriere som felespelar.

Tor Jonsson (1916 – 1951) vaks upp i ei lita stugu under Lomseggen. Livet og diktinga til Jonsson vart sterkt prega av dei tronge kåra han kom frå, og han ser ofte med myrke augo på dei sosiale tilhøva i samfunnet. Bygdadyret til Jonsson har vorte eit kjent uttrykk, og den skeptiske refsaren vert ofte sett opp mot den romantiske nasjonalskalden Aukrust grunna deira ulike syn på bygda. Lyriske skildringar av natur og kjærleik som i Norsk kjærleikssong syner ei varare side av diktaren. Jonsson valde å ta sitt eige liv berre 35 år gamal.

Knut Hamsun (Knud Pedersen) (1859 – 1952) levde dei fyrste åra sine i Lom før familien busette seg i Nordland. Var òg attende i Lom ei periode i konfirmasjonsalderen, og fleire stader i diktinga til Hamsun kan ein finne spor etter dei dølske røtene. Hamsun skreiv mykje dikt, men gav berre ut ei diktsamling - ”Det vilde kor”. Han fortel sjølv i erindringsboka ”På gjengrodde stier” at han fleire gonger brende alle dikta han hadde liggjande.  

 

Låtoversikt

  • SpornrTittelTekstMusikkTid
  • Lytt1Skalder IV01:27
  • Lytt2Å dikte03:01
  • Lytt3Bil-beistet08:01
  • Lytt4Kattmånadvise00:48
  • Lytt5Mønsterbo02:43
  • Lytt6Når du er borte00:52
  • Lytt7Fylgje og fylgja03:51
  • Lytt8Sota06:00
  • Lytt9Ved fattigdomsglaset01:08
  • Lytt10Om hundre år er alting glemt03:58
  • Lytt11Barndomsheimen01:33
  • Lytt12Kong Husmannsgutt03:03
  • Lytt13Seil mens d e vindPål FrøilandOdd Erik Ognedal06:51
  • Lytt14Lyre i logen02:15
  • Lytt15Norsk kjærleikssong03:05
  • Lytt16Fattig ynskje00:31
  • Lytt17Vill-Guri03:11
  • Lytt18Ordet01:31