«Privat rennestein»

Tekst: Ørnulf Juvkam Dyve    Musikk: Ørnulf Juvkam Dyve

Han hadde vel knapt nok ei krone te overs
og den spanderde´n bort
Fekk se altfør mykjy vin ein kveld
som´en drakk opp altfør fort

Så vart´n nok full også stigla´n se opp
te å danse sjømannsvals
Og i sin eigen private rennestein
søvna´n inn i ein siste dans

Dei flokka se rundt´n og titta på´n
mens dei delde ei helv ei på tre
Det va som det brukte, dei kjende det att
så dei let´n få ligge i fred

Så drog dei se undå og gjekk kor te sitt
mens han pusta eit siste drag
Og i sin eigen private rennestein
fekk´en leva ein siste dag

Åh åå hei
Ein shanty om han du veit
Gjord´kji katta førtred men han brukte ein slant
på´ drikke se full iblant

Så vart dagen ny - hanin gol
og sorgbyga la se te ro
Følk nevnde på han som sku leggast i jord
så ei gravøl vart fort te to

Det va ingen som kjend´n men visst´ kem det va
så dei skåla før´n ein ette ein
Men uttafør kroe sto ledig ein plass
i ein privat rennestein

Åh åå hei
Ein shanty om han du veit
Gjord´kji katta førtred men han brukte ein slant
på´ drikke se full iblant