Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«Lysglimt» : «Lysglimt» : Byting : Grammofon

«Lysglimt»

Tekst: Thomas Hellekås    Musikk: Thomas Hellekås

Ein spelemann ifrå bøherad har dei tenkt å få i kne.
Gode råd er dyre dei, det er vel likt seg det.
Og ingenting av det som ein gong var eller det som måtte bli
har ein lenger råd til veitu, slik sett er du fri.

Men eg satsar på at medvind ligg på lur
og brer seg fram i by og land og huset her eg bur.
Sola skine bakom høge tre.
Eit lite lysglimt, kan du lova det?
Eit lite lysglimt, eg er fornøgd med.

Jørgen hattemaker nå må du vera raus.
Stram inn på belte gut den linningen e laus.
Salomo på isbjønnskinn kan hjølpe til med det.
Han tek ifrå deg buksa slik at ikkje ho glir ned.

Men eg satsar på at medvind ligg på lur
og brer seg fram i by og land og huset her eg bur.
Sola skine bakom høge tre.
Eit lite lysglimt, kan du lova det?
Eit lite lysglimt, eg er fornøgd med.

Regn og uver, sludd og nordavind.
Det stormar godt i glaset ved kjøkkenkroken min.
Men etter vinter er det vår, sjøl i tronge kår.

Men eg satsar på at medvind ligg på lur
og brer seg fram i by og land og huset her eg bur.
Sola skine bakom høge tre.
Eit lite lysglimt, kan du lova det?
Eit lite lysglimt, eg er fornøgd med.