Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«Kjærleik» : «Livets galleri» : Byting : Grammofon

«Kjærleik»

Tekst: Thomas Hellekås    Musikk: Thomas Hellekås

Han kom der på feri’ og skulle sova der i telt.
Han fyra opp et bål te’ slutt i tilfelle det blei keldt.
Nåtta den va’ lys og lang og månen låg i ne.
Ei jente kom og spurde om’n ville vera med.

Dei følgde på ein sti ei stond før ho peka og sa: ”Sjå!
Ser du den strånda der? Det e’ dit som me ska’ gå.
Men fyre me kjem så langt så har eg gjømt ei flaske vin
ende over gjerdet ved den rau’e sykkel’n min.”

Men dei kom ’kje langt avgarde før ho snudde seg og sa:
”Eg laug færr deg. Eg har’kje vin. Det e’ deg som eg vi’ ha.”

Også smelta dei i sammen som ei bølgje i mot strånd.
Og ingen a’ dom hadde nokkon gong følt det sånn.
Sjøl grashoppa på plenen skjønna der han låg
at det va’ kjærleik det han såg.

Dei låg og prata lenge og blei enig begge to
om å møtast dagen etter der den rau’e sykkel’n sto.
Og kvelden kom og han sto der og trippa lett på fot
da han såg ho kom med smilet sitt springande i mot.

Også smelta dei i sammen som ei bølgje i mot strånd.
Og ingen a’ dom hadde nokkon gong følt det sånn.
Sjøl grashoppa på plenen skjønna der han låg
at det va’ kjærleik det han såg.

Og slik heldt dei på heilt te’ gutten skulle heim,
og det va’ slutt og jenta sto og grein.
Han smila og sa at ”Med tida legas sår.
Færr du veit eg kjem te’bake neste år.”

Også smelta dei i sammen som ei bølgje i mot strånd.
Og ingen a’ dom hadde nokkon gong følt det sånn.
Sjøl grashoppa på plenen skjønna der han låg
at det va’ kjærleik det han såg.