Spør du meg vert det knapt laga betre countrymusikk i dag.5

Når dagen demrer blått
«Når dagen demrer blått»

Plateanmeldelser · Firdaposten · Og finst det noka rettferd her i verda, vil denne plata generere eit platesal som står i forhold til kvaliteten.

Der den førre plata til Lønhøiden kunne vere litt mørk, er denne mykje lysare. Og om det er noko vi treng i liva våre er det lys. Einaste forskjellen utover dette frå dei to føregåande utgjevingane er at han denne gongen har skrivet alle låtane sjølv, og at innspelingsstad er flytta frå Finnskogen til Oslo. Ingen av delane kan høyrast.

Om ikkje Lønhøiden har framstått som ein særs dyktig låtskrivar tidligare, det har han, så skyver han her all tvil til side. Alle låtane vart skrivne under Roys USA-besøk i 2007, og tekstane er til dels farga av dette, men vi oppheld oss framleis inne i skogane på Finnskogen. Musikalsk er det meir autentisk enn nokon gong, spør du meg vert det knapt laga betre countrymusikk i dag. Legg du til at det er visse innslag av folkemusikk, så kan det kanskje vere lett å kalle han Finnskogens Odd Nordstoga, men Lønhøiden har i mine øyre med sine tre siste plater langt overgått det han har gjort. Dette er ein artist som står fjellstøtt på eigne bein. Og finst det noka rettferd her i verda, vil denne plata generere eit platesal som står i forhold til kvaliteten.

Høgdepunkt: «Vann Og Ved» og «Hvor Går Veien Nå».

Kilde: www.firdaposten.no/platearbeidaren/roy-lonhoiden/r/1-53-3489173

Les mer om «Når dagen demrer blått» fra Roy Lønhøiden